Forteljefestivalen

  • Forstørr
  • Standard skriftstorleik
  • Forminsk
slide1
slide2
slide3
slide4
slide5
 

Neste forteljefestival palmehelga 2012

E-post Skriv ut PDF

SnippSnappSnute med Marianne Stenerud 2010 foto:Astrid E. Hjelmeland

Neste forteljefestival i Etne blir i palmehelga 2012, 30. mars - 1. april. Styret er i gong med å jobba med innhald for festivalen. Er det nokon der ute som sit med ynskje og tankar om innhald er det berre å melda dette inn til leiar Marta Onstein.

Innan neste festival vil me som tidlegare bidra med forteljeopplevingar på ulike arrangement, så det er berre til å følgja med på facebooksida vår.

Sist oppdatert tysdag 05. april 2011 18:19
 

Tone Bolstad Fløde bloggar om Etne

E-post Skriv ut PDF

Tone Bolstad Fløde blogg

Etter Forteljefestivalen 10. - 12. september i år, kunne me lesa på bloggen til Tone Bolstad Fløde om forteljeopplevinga hennar, men også om korleis ho vart kjend med Etne via Knut Molnes i 2003, og ideen om Forteljefestivalen byrja ta form; Det var her jeg møtte de to mennene som på hver sin måte får noe med denne historien å gjøre. Den ene var Georg Hansen, en viking og kulturformidler bosatt i Gudvangen. Han satte meg i kontakt med forfatteren Vera Henriksen. Den andre var Knut Molnes. Han var pedagogisk konsulent i Etne kommune og engasjert i å bygge opp Tusenårsstaden i Etne. Han var også engasjert i Etne Sogelaget.

Les heile bloggen her.

Sist oppdatert tysdag 28. september 2010 08:20
 

Festivalstart med forteljemaraton for elevar

E-post Skriv ut PDF

Anne Elisebeth Skogen foto Astrid E. Hjelmeland Forteljefestivalen i Etne startar i dag opp med 7 skuleframsyningar for elevar ved Enge, Skånevik og Rygg skule
Elevar i 1. - 4. kl og 5. - 7.klasse ved Enge og Skånevik skule og 1.- 4.kl på Rygg skule får i dag besøk av forteljarane Anne Elisebeth Skogen og Heidi Dahlsveen. 
Heidi Dahlsveen fortel Ekko med variasjonar - for elevar  i 5. - 7.klasse, der elevane via forteljinga og etterarbeid blir kjende med og fornyar sin kunnskap om Norrøn mytologi.
Anne Elisebeth Skogen fortel for 1.-4. klasse om Skumle loft og mørke kjellarar.

 

 

 

 

Sist oppdatert fredag 10. september 2010 05:21 Les meir…
 

Meld deg på forteljekurs 11. september

E-post Skriv ut PDF

Framleis høve til å melda seg på forteljekurs laurdag 11. september. Les kva kurshaldarane Heidi Dahlsveen og Torgrim Mellum Stene skriv om kursa her

Sist oppdatert søndag 05. september 2010 18:24
 

Forteljefestival i Etne for 6. gong

E-post Skriv ut PDF

10.-12. september er det for 6. gong Forteljefestival i Etne. Festivalen er ein av tre slike festivalar som er i drift i Norge nå. Dei to andre er i Oslo! Festivalen har sett Etne på Norgeskartet som forteljebygd for alle som er interessert i munnleg forteljekunst.

Dei 5 første festivalane vart arrangert i tett samarbeid med Etnemarknaden.Nå vil Forteljefestivalen i Etne stå på eigne bein. Med ei septemberhelg håpar me at det blir lettare for lokale folk å prioritera festivalen enn i travle marknadsdagar.

Sist oppdatert fredag 10. september 2010 05:06 Les meir…
 

Variert forteljefestivalprogram

E-post Skriv ut PDF

Framside program Forteljefestivalen i Etne Programmet for forteljefestivalen er klart. Det blir forteljekurs, gjensyn med forteljingane om Erling Skakke og Kristin Kongsdotter, skuleframsyningar, løesoger, forteljestund for barn og forteljegudsteneste.

Forteljekurs del II: Dette skriv kurshaldar Heidi Dahlsveen:
I løpet av kurset arbeidar me oss inn ei ei forteljing, finn strukturen og byggjer han opp att for å gjera han klar for fomidling. Via ulike øvingar, metodar og opplegg skal deltakarane lausriva seg frå det å vera bunden til tekst. Deltakarane må sjølv ta med ei forteljing dei ynskjer å arbeida med. Forteljinga bør vera tradisjonell og på ca. 1,5-2 sider.

Kurs i historiske forteljingar: Dette skriv kurshaldar Torgrim Mellum Stene:
Når vi som forteljarar fortel eventyr og mytar og legender, ligg det ein struktur i botn som rettleiar oss gjennom historia. Men kva om me vil fortelja ei forteljing basert på ei historisk hending eller forløp? Kva skil forteljaren frå historieførelesaren og kva verkty og grep kan ein nytta for å tilnærma seg stoffet?
Kløverknekten/Torgrim Mellum Stene har lang erfaring med å jobba med historiske forteljingar og vil dela sine erfaringar via workshopen. Kurset er retta mot forteljarar, og alle deltakarane bør velja ei konkret historisk hending eller skikkelse på førehand, som dei har samla inn informasjon om.

For fleire kursdetaljar og påmeldingsinfo les her.

Les heile programmet her.

Sist oppdatert onsdag 25. august 2010 17:31
 


Side 1 av 2

Det skjer

FØLG OSS PÅ FACEBOOK

Facebook lenk

30.03 -01.04.2012
Forteljefestivalen i Etne

Me støttar Forteljefestivalen

arkiv

Del

Facebook

Vi har 1 gjest her no